på sundag skjedde det altso. ekstremdagen winter edition vart eit faktum. eit lite referat kjem her, eksklusivt for livsstilsbloggen.
Den offisielle byrjinga av ekstremdagen var klokko ti på sundag, men storparten av eltakarane hadde nok vore klare i fleire timar før det, men altso; klokko ti var det oppmøte i varmestova i Bavallen i Voss Resort. Klaus, Åsmund og etter litt Vinjar møtte opp, klare i kropp og sinn for å øydeleggja alt dei kom øve. Etter kun eit par timar låg Voss Resort i grus.. ingen øvelevde.
etter ekstrem shredd, øydeleggelse og litt trøysting kom Brynjulv og Anita og slo seg saman med dei tre soldatane for å eta lunch, nerare sagt ekstrem meny i storastova. treng vel ikkje sei kor viktig det er med påfyll etter kroppen har opplevd juling i så stor grad.
lunch va gydd, men fjellet kalla igjen. so me tok steget inn i bindingane for å fullføra det me starta. Etter kun eit par turar var det ikkje var noko meir å gjera der, so me bytta side på fjellet, nærare sagt Dyrvedalen. Slaatten hadde og knekt puckel skie si, so han bytte til eitt par feitare ski, medan dei andre fortsatte ferda på sine trufaste plankar. me kom oss til topps og byrja nedfarta. det byrja bra, men lengre nedi var det litt lite snjo, noko som resulterte i to greie sår i eitt par ski og ein litt forslått rygg. (dette vart ikkje oppdaga før tirsdag kveld når adrenalinrusen tok til å forsvinna.) Flaks at eg klarte å skriva dette, for dagen var igrunn for ekstrem for ord. sjå video.